Arv og avl

Filmen fortel om dei grunnleggjande prinsippa for arv. Den introduserer sentrale ord og omgrep og drøfter forholdet mellom tradisjonell avl og ny teknologi.

Oppgåver til filmen

  • 1.

    Den eine jenta i filmen har krøllete hår som sin morfar. Begge foreldra har glatt hår. Korleis kan ei eigenskap vere usynleg i éin generasjon, men dukke opp igjen i neste?

  • 2.

    Den eine guten i familien liknar meir på mor enn far. Korleis kan det vere slik når ein får like mange gener frå mor og frå far?

  • 3.

    Oksen 5848 Øygarden er opphav til over 50 000 avkom. Hvilke konsekvenser kan slik avl få for genetisk variasjon? I kva situasjonar kan det vere negativt at mange individ har felles genetisk materiale? I kva situasjonar er det positivt?

  • 4.

    Sauer er i dag nesten ikkje i stand til å lamme utan hjelp frå menneske. Tidlegare mista sauene ull, men i dag må dei klippast. Her har mennesket påverka dyra sine eigenskapar. Kva eigenskapar meiner de at det ikkje er greitt å påverke?

  • 5.

    Rømt oppdrettslaks kan vandre opp i elvar der villaks lever. Dei konkurrerer om mat, parer seg og overfører parasittar og sjukdommar. Forskarar kan utvikle steril oppdrettslaks. Meiner du dette vil vere eit godt tiltak for å bevare villaksstammane?

Fordjupingsoppgåver

  • 1.

    Då Gregor Mendel oppdaga arvelovene, innførte han omgrepa dominant og recessiv, og praksisen med å skrive dominante og recessive eigenskapar med stor og liten bokstav. Mendel undersøkte blant anna desse alternative eigenskapane hos erteplanter (Pisum sativum L.):

    Dominant alternativ

    • Genvariant A – runde erter
    • Genvariant B – gule erter
    • Genvariant C – raud blomsterfarge

    Recessivt alternativ

    • Genvariant a – kantete erter
    • Genvariant b – grøne erter
    • Genvariant c – kvit blomsterfarge
    1. I eit forsøk kryssa Mendel fyrst plantar frå ein stamme som alltid fekk runde erter, med plantar frå ein annan stamme som alltid fekk skrukkete erter. Avkommet fekk berre runde erter. Forklar korleis dette kunne henge saman. Bruk genetiske ord som gen, genvariant, homozygot, heterozygot, dominant og recessiv i forklaringa di.
    2. Når Mendel kryssa desse nye plantene med kvarandre, fekk avkommet derimot runde og skrukkete erter i forholdet 3:1. Forklar korleis det heng saman.
  • 2.

    Øyenfarge har ofte blitt brukt som eksempel på en egenskap som blir bestemt av ett gen (monohybrid nedarving), der brunfarge er dominant over blåfarge. Det viser seg at nedarvingen er mer komplisert enn som så. Hvordan varierer øyenfargen til elevene i klassen (farge, spettet, lys, mørk)? Prøv å gruppere de ulike variantene. Hvilke konklusjoner kan dere trekke ut fra dette? Sammenlign dette med Mendels erter som enten er gule eller grønne, glatte eller skrukkete.

Læreplan

Naturfag, etter 10. trinn

Mangfald i naturen

  • Gjere greie for celledeling og for genetisk variasjon og arv.

Naturfag Vg1

Bioteknologi

  • Forklare omgrepa krysning og genmodifisering og gi eksempel på korleis bioteknologi blir brukt til modifisering av eigenskapar hos plantar og dyr.
  • Sammenligne argument for bruk av bioteknologi og drøfte ulike faglege og etiske problemstillingar knytt til desse.

Biologi 2

Bioteknologi

  • Forklare korleis genmodifiserte organismar kan framstillast, drøfte korleis dette kan nyttast innanfor medisin, produksjon av mat og biologisk forsking, og kva følgjer dette kan ha for miljøet.

Teknologi og forskningslære X og 1

Teknologi, naturvitskap og samfunn

  • Drøfte etiske, miljømessige, kulturelle og politiske sider ved teknologisk utvikling.
  • Beskrive prinsipp og virkemåte for nokre moderne instrument i industri, helsevesen eller forsking, og gjere rede for nytten og eventuelle skadeverknader.

Teknologi og forskningslære 2

Forskning, teknologi og samfunn

  • Gjere greie for betydninga av naturvitskapleg forsking og teknologiutvikling for næringsliv og samfunn.
  • Drøfte økonomiske, miljømessige og etiske spørsmål i samband med naturvitskapleg forsking og teknologiutvikling.

Samarbeidspartnarar