Vaksiner

Ein film som viser korleis vaksiner verkar på kroppen, korleis vaksiner blir produserte og vidare brukte i eit vaksinasjonsprogram i Afrika.

Oppgåver

  • 1.

    Korleis verkar ein vaksine?

  • 2.

    Det er mange vaksiner som er under utvikling. Kva sjukdomar er det viktigast at vi lagar vaksine mot, sett i verdsmåleskala?

  • 3.

    Kva konsekvensar for samfunnet trur du slike vaksiner kan gje?

  • 4.

    Kva er GAVI?

  • 5.

    Kva utfordringar kan oppstå frå ein vaksine vert produsert til den når fram til eit barn i Afrika?

  • 6.

    Kva er FNs tusenårsmål?

Fordjupingsoppgåver

  • 1.

    Finn ut kva vaksinar som er i barnevaksinasjonsprogrammet, og kva sjukdomar dei beskyttar mot.

    Kva andre vaksinar har du høyrt om, og kvifor trur du at desse ikkje blir gjevne til alle?

  • 2.

    Søk på internett og prøv å finne informasjon om HIV-vaksinar. Prøv òg å finne ut når dei trur vaksinen vil vere klar til bruk. Bruk minst tre kjelder og oppgi kva kjelder du har brukt. Døme på kjelder kan vere wikipedia, forskning.no og iavi.org.

  • 3.

    I Australia prøvde forskarar å utvikle ei vaksine til kaniner der hensikta ikkje var å førebygge ein sjukdom, men at kaninens immunsystem skulle angripe kaninens evne til forplantning. Formålet var å avgrense talet på kaniner, som i Australia er eit skadedyr. Vaksinen skulle gjevast i form av eit kaninvirus som så kunne spreie seg blant kaninene. Diskuter fordelar og ulemper med ei slik bruk av vaksinemekanismen. Kva kunne skjedd dersom denne virusvaksinen endra seg slik at den kunne spreie seg til menneske?

Læreplan

Naturfag Vg1

Bioteknologi

  • Gje ei oversikt over ulike former for medisinsk bruk av bioteknologi og diskutere moglegheiter og utfordringar ved slik bruk.
  • Sammenlikne argument om bruk av bioteknologi og drøfte ulike faglege og etiske problemstillingar knytt til desse.

Biologi 2

Den unge biologen

  • Diskutere på eit fagleg grunnlag etiske utfordringar innanfor biologisk forsking.

Teknologi og forskningslære X og 1

Teknologi, naturvitskap og samfunn

  • Drøfte etiske, miljømessige, kulturelle og politiske sider ved teknologisk utvikling.
  • Beskrive prinsipp og verkemåte for nokre moderne instrument i industri, helsevesen eller forsking, og gjere rede for nytte og eventuelle skadeverknader.

Teknologi og forskningslære 2

Forskning, teknologi og samfunn

  • Gjere greie for betydninga av naturvitskapleg forskning og teknologiutvikling for næringsliv og samfunn.
  • Drøfte økonomiske, miljømessige og etiske spørsmål i samband med naturvitskapleg forskning og teknologiutvikling.

Samarbeidspartnarar