Klimaforsking

I klimaforskinga vert det brukt kunnskap frå mange fagområde, til dømes om endringar i CO2-innhaldet i atmosfæren og havet si evne til å ta opp CO2. For å få ein heilskapleg oversikt set FNs klimapanel saman denne kunnskapen i store rapportar, slik at politikarar kan få eit grunnlag for å bestemme klimapolitikken. Når forskarar prøver å forutsi korleis klimaendringane vil bli fleire hundre år fram i tid, bruker dei klimamodellar. Men det finst fleire usikkerheitsmoment i desse modellane, som til dømes kor store dei framtidige utsleppa kjem til å bli. Difor er det umogleg å lage heilt nøyaktige klimaprognosar. Korleis skal vi handtere usikkerheita i klimaforskinga? Kan vi stole på prognosane som klimaforskarane lagar? Har FNs klimapanel alltid rett?

Oppgåver før du ser filmen

  • 1.

    Kva veit du om FNs klimapanel?

  • 2.

    Korleis trur du forskarar kvalitetssikrar sitt eige og andres arbeid?

  • 3.

    Klima vert ofte debattert i media. Kva for tema vert ofte debattert?

Læreplan

Naturfag, etter 10. årstrinn

Forskerspiren –  Forklare tydinga av å sjå etter samanhengar mellom årsak og verknad, og forklare kvifor argumentasjon, usemje og publisering er viktig i naturvitskapen.

Naturfag Vg1

Forskerspiren – Skilje mellom resultat og påstandar og diskutere kvaliteten på metodar og framstilling av eigne og andres data og tolkingar.

Bærekraftig utvikling

Undersøkje ein global interessekonflikt knytt til miljøspørsmål, og drøfte kvaliteten på argument og konklusjonar i debattinnlegg.

Biologi 2

Den unge biologen – Forklare kvifor publisering og fagleg kritikk er nødvendige prosessar i biologi som vitskap.

Geofag 2

Klimaendringer – Gjere greie for diskusjonar i fagmiljøa om årsaker til klimaendringar.

Geoforskning – Gjere greie for problemstillingar, metodar og resultat innan eit forskingsfelt i geofag.

ToF 2

Naturvitskaplege arbeidsmetodar

Forklare kva som er meint med modell, teori og hypotese, og gjere greie for korleis dei blir brukte og utvikla i forsking.

Gjere greie for korleis forsking utviklast og kvalitetssikrast gjennom samarbeid, kritisk vurdering og argumentasjon.