Klimatilpassing i Noreg

Klimaet er i endring på grunn av global oppvarming. For Noreg vil det i hovudsak bety høgare gjennomsnittstemperaturar, meir nedbør og meir ekstremvær. Det er fire samfunnsområde som vil bli spesielt utsett for klimaendringane: bygg og anlegg, vatn og avløp, samferdsel og landbruk. For å vere best mogleg rusta for framtida er det derfor viktig med tilpassing til klimaendringane, og dette bør vere ein integrert del av samfunnsplanlegginga.

Oppgåver før du ser filmen

  • 1.

    Korleis trur du at økosystem, landbruk, vegar og bygningar i Noreg kan bli påverka av klimaendringar?

  • 2.

    Trur du at det norske samfunnet er rusta til å takle meir nedbør, ekstremvær og havnivåstiging? Grunngi svaret.

Læreplan

Naturfag, etter 10. årstrinn

Mangfald i naturenObservere og gje døme på korleis menneskeleg aktivitet har påverka eit naturområde, undersøkje ulike interessegruppers syn på påverknaden og føreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar.

Samfunnsfag, etter 10. årstrinn

Geografi – undersøkje og diskutere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt.

KRLE, etter 10. årstrinn

Filosofi og etikkDrøfte verdivalg og aktuelle temaer i samfunnet lokalt og globalt: sosialt og økologisk ansvar, teknologiske utfordringar, fredsarbeid og demokrati.

Naturfag Vg1

Berekraftig utvikling – Gjere rede for omgrepet bærekraftig utvikling og undersøke ein global interessekonflikt knytt til miljøspørsmål, samt drøfte kvaliteten på argument og konklusjonar i debattinnlegg.

Stråling og radioaktivitet – Gjere rede for nokre mogelege konsekvensar av auka drivhuseffekt i arktiske og lavtliggande område, og drøfte eit aktuelt klimatiltak.

Geofag 1

Naturkatastrofar – Forklare årsaker til ekstremflom og tørke.

Biologi 2

Økologi – Forklare korleis økosystem kan endre seg over tid, og knyte det til klimaendring og andre miljøproblem.