Energi og ressursbruk
Energi og materielt forbruk heng nøye saman. Det trengst mykje energi for å lage forbruksartiklane våre. Matvareproduksjon og transport krev òg store mengder energi. Det globale markedet har gjort at vi fraktar råvarer over heile verda for å sette saman produkta vi kjøper i butikken eller på internett. Velstand er nært knytt til energibruk. Det store forbruket i verda i dag har blitt både eit energiproblem og eit spørsmål om rettferdig fordeling. Landa med høgast levestandard har 15 % av verdas befolkning, men står for meir enn 50 % av den totale energibruken. Korleis kan vi ta vare på miljøet på jorda, samtidig som alle får god nok tilgang til energi?