7. Mobilfengsel
Nils skriv på ein redningsplan for elva og held mobilen til veslesystera låst inne i ei eske, noko som fører til konflikt mellom dei. Aaron er oppgitt over venene som ikkje svarar, og spelar musikk med bandet. Eeva besøker mormora på sjukeheimen og gir henne sitt første kvenske smykke, utan å få respons. Eeva nynnar ein gamal folkesong, og det vekkjer minne hos mormor.
Episoden har kvensk, finsk og norsk teksting tilgjengeleg. Finsk og norsk kan de velja i videoavspelaren (cc). Film med kvensk teksting finst i lenkje under videoavspelaren.