Marknad og salg

Matvarenæringa er storindustri. Det er enorme pengesummar i omløp og utallige produkt. Kva gjer at kundane vel eit bestemt produkt? I filmen møter du både ein matforskar, dagleg leiar i eit reklamebyrå og ein matprodusent som fortel om sine erfaringar. Vidare møter vi ein sjømathandler og ein butikkslakter som fortel om kva kunnskapar og ferdigheiter som er viktige for å kunne yte god salgsservice overfor kundane.

Oppgåver

  • 1.

    Kva faktorar kan påverke kundane når det gjeld val av produkt?

  • 2.

    Kva kunnskapar og ferdigheiter bør ein butikkslakter ha?

  • 3.

    Kva kunnskapar og ferdigheiter bør ein sjømathandler ha?

  • 4.

    Kvifor er det så viktig med sporing? I kva situasjonar kan det bli aktuelt å benytte sporing?

Fordjupningsoppgåver

  • 1.

    Ta for deg eit produkt som de produserer på skulen, og utarbeid eit forslag til korleis du vil emballere og merke produktet. Lag gjerne eit forslag til kva slags design du vil ha på pakningen og begrunn kvifor du trur dette er ei god idé.

  • 2.

    Oppsøk ein ferskvaredisk i nærleiken av der du bur og spør om kva dei sel mest av. Spør også om korleis dei kan svare kundar på spørsmål om innhaldet i ulike produkt og kva opplysningar kundane oftast ønskjer svar på.

Omgrep

Varmhalden mat:

Mat som blir bydd fram frå varmdisk skal ha ei tilstrekkeleg varmebehandling og bli halden kontinuerleg varm ved minimum 60 °C.

Ressursar

Generell forskrift for produksjon og omsetning mv. av næringsmidler
Matportalen.no – informasjon om mat og helse fra offentlige myndigheter

Læreplan

Matfag Vg2

Sal og marknad

  • gjere greie for kostnadene ved å produsere mat, rekne om mengder i reseptar og gjere enkle økonomiske berekningar knytte til produksjon og sal
  • vurdere produksjonsmetodar og produkt mot etiske prinsipp og samfunnsmessige utfordringar, krav og rammevilkår
  • gjere greie for rolla og funksjonen til tilsynsmyndigheitene ved produksjon og sal av mat
  • emballere og merkje produkt i samsvar med gjeldande regelverk
  • gjennomføre enkel marknadsføring
  • vurdere eit produkt ut frå forbrukarane sine krav og behov
  • planleggje og gjennomføre presentasjon av produkt for sal
  • drøfte kva god service og kundebehandling er, og vise dette i praksis
  • bruke digitale verktøy for å gjere seg nytte av informasjons- og marknadskanalar i bransjane