Maskinar og utstyr

I denne filmen får vi sjå døme på korleis maskiner og utstyr i mange samanhengar tek over oppgåver som tidlegare vart gjort manuelt. På denne måten kan produktiviteten aukast samtidig som tungt og belastande manuelt arbeid fjernast. Det høge lønnsnivået vi har i Noreg er også med på å auke graden av automatisering, det kan vere lønsamt å erstatte manuelt arbeid med maskiner.
Vidare viser filmen kor viktig det er at utstyret fungerer rett, uansett om det er handverktøy eller maskiner det er snakk om. I nokre av matfaga er det mykje bruk av handverktøy, i andre yrke er det sentralt å betjene maskiner. Uansett vil det vere behov for kunnskapar om utstyret, om bruk og om vedlikehald.

Oppgåver

  • 1.

    Kva grunnar kan det vere til at maskiner tar over for arbeid som tidlegare var manuelt?

  • 2.

    Gje døme på oppgåvetypar som maskiner ikkje tar over, og kva dette kan skuldast.

  • 3.

    Kvifor er det så viktig med HMS-arbeid i alle matfaga? Gje også døme på ulike typar sikkerheitsutstyr som blir nytta.

Fordjupningsoppgåve

  • 1.

    Lag ei presentasjon av ei produksjonslinje for eit valfritt produkt. Kva utstyr blir nytta, og kva er viktig for at utstyret skal fungere best mogleg?

Læreplan

Matfag Vg2

Råvarer, produksjon og kvalitet

  • vurdere og kontrollere kvaliteten under produksjonsprosessen og i ferdig vare
  • presentere og forklare ein produksjonsprosess
  • klargjere ein maskin eller ei maskinlinje i samsvar med produksjonsbeskrivinga
  • halde ved like og bruke handreiskapar, maskinar og utstyr på ein fagleg korrekt måte
  • gjere greie for hovudprinsippa for automatiserte produksjonsprosessar
  • bruke enkle måle-, styrings- og reguleringsteknikkar i produksjonsprosessen