Sporing og merking

Denne filmen viser korleis sporing kan brukast til å følgje eit produkt frå råvare til forbrukar, og frå forbrukar tilbake til råvareopprinnelsen. Vidare viser filmen korleis informasjonen og utseendet på ei pakking kan påverke forbrukaren sitt val i ei kjøpssituasjon, og korleis vi som forbrukarar krev og treng informasjon gjennom merkingen på ferdig emballerte varer.

Oppgåver

  • 1.

    Kva er forskjellen på merkingen «Best før 15.01.16» og «Siste forbruksdag 15.01.16»?

  • 2.

    Kva kan grunnane vere til at det er så viktig å merke matvarer?

  • 3.

    Kva ligg til grunn for at styresmaktene stiller strenge krav til sporing?

  • 4.

    Kva meiner du er god og dårleg markedsføring av matvarer? Gje døme.

Fordjupningsoppgåver

  • 1.

    Vel ut eit produkt du har produsert og:

    • beskriv produktets eigenskapar
    • vurder produktet ut frå forbrukarane sine krav og behov
    • vel emballasjeløysing som er eigna for sal
    • lag nødvendig merking til produktet
    • planlegg korleis du vil markedsføre produktet
    • beskriv korleis du vil presentere produktet for sal

Ressursar

Mattilsynet
Matlovsforskriften
Matportalen.no – informasjon om mat og helse fra offentlige myndigheter

Læreplan

Matfag Vg2

Råvarer, produksjon og kvalitet

  • vurdere og kontrollere kvaliteten under produksjonsprosessen og i ferdig vare
  • presentere og forklare ein produksjonsprosess
  • klargjere ein maskin eller ei maskinlinje i samsvar med produksjonsbeskrivinga
  • halde ved like og bruke handreiskapar, maskinar og utstyr på ein fagleg korrekt måte
  • gjere greie for hovudprinsippa for automatiserte produksjonsprosessar
  • bruke enkle måle-, styrings- og reguleringsteknikkar i produksjonsprosessen