Avfall og miljø

Filmen handlar om rett håndtering av avfall. Vi følgjer prosessen frå matavfall og emballasje blir kildesortert til det blir gjenbrukt eller går til eit forbrenningsanlegg.

Oppgåver

  • 1.

    Kva er organisk avfall?

  • 2.

    Kva er forskjellen på gjenbruk og gjenvinning?

  • 3.

    Sorter følgjande avfall i dei følgjande kategoriane: plast, papp, glass og metall, matavfall, restavfall eller til gjenbruksstasjonar/deponi:

    • Appelsinskall
    • Eddikkanne
    • Beinrester
    • Plastfilm
    • Potetskrell
    • Isopor
    • Knust tallerken
    • Glass
    • Engangsbestikk
    • Engangstallerken
    • Tøyserviett
    • Papirserviett
    • Fiskebein
    • Kakesmuler
    • Hermetikkboks
    • Kaffegrut
    • Eggeskall
    • Kjele
    • Stekepanne
    • Elektrisk avfall
  • 4.

    Gi døme på nye produkt vi kan få ved gjenvinning av plast, papp, glass og metall, matavfall og restavfall.

  • 5.

    Ein del avfall sendast til forbrenning. Kva fordel har samfunnet av eit forbrenningsanlegg?

Omgrep

  • Avfall
  • Organisk materiale
  • Emballasje
  • Deponi
  • Kildesortering
  • Gjenbruk
  • Gjenvinning
  • Forbrenning
  • Bærekraftig utvikling

Læreplan

Vg1 Restaurant- og matfag

Bransje, fag og miljø

  • forstå og bruke relevante faguttrykk som blir nytta i restaurant- og matbransjane
  • handtere avfall på ein miljømessig forsvarleg måte