Fettstoff

Filmen handlar om metta fett, enumetta fett og fleirumetta fett. Det er med døme på matvarer som inneheld mykje av dei ulike typane fett, og kva fett som er sunnast.

Oppgåver

  • 1.

    Kva type fett er sunnast?

  • 2.

    Fett er bygd opp av glyserol og tre fettsyrer. Det er bindingane i fettsyrene som avgjer om det er metta, umetta eller fleirumetta fett. Forklar forskjellen på dei tre typane fettsyrer og lag enkle skisser.

  • 3.

    Skriv eit kort innlegg der du beskriver kva slags type fett kosthaldet bør innehalde. Bruk fakta frå filmen i innlegget.

  • 4.

    Beskriv kva som har skjedd når fett har blitt harskt.

Praktisk oppgåve

  • 1.

    Gå på kjøkenet og finn ulike varer som inneheld mykje fett. Sorter varene i gruppene metta, umetta eller fleirumetta fett etter kva fettsyrer dei inneheld mest av.

Omgrep

  • Smaksforsterker
  • Mettet fett
  • Enumettet fett
  • Flerumettet fett
  • Bearbeidede kjøttprodukter
  • Magert
  • Margarin
  • Animalsk fett
  • Vegetabilsk fett
  • Harskne

Læreplan

Vg1 Restaurant- og matfag

Råstoff og produksjon

  • gjere greie for råvarer, mat og drikke som inngår i restaurant- og matfaga, næringsinnhald, eigenskapar og bruksområde
  • vurdere kvaliteten på råvarer og produkt, og bruke denne kunnskapen i praktisk arbeid

Kosthald og livsstil

  • drøfte samanhengen mellom kosthald, helse og livsstil, og korleis desse faktorane kan påverke folkehelsa

Bransje, fag og miljø

  • forstå og bruke relevante faguttrykk som blir nytta i restaurant- og matbransjane