Sjømat
Kva er god førstebehandling av fisk? Kvifor er ubroten kjølekjede så viktig i sjømatproduksjon? Korleis kan fisk konserverast og emballerast? Sjømat er ei stor og sentral eksportnæring i Noreg. Gjennom denne ressursen får du eit innblikk i sentrale emne innan sjømatproduksjon.
Sjømat er ein filmbasert læremiddelressurs for Vg3 sjømatproduksjon. Målgruppa er først og fremst lærlingar og fagarbeidarar innan sjømatnæringa. I tillegg er også restaurant- og matfag i vidaregåande opplæring ei relevant målgruppe. Dette materiellet kan mellom anna vere ei god støtte når sjømat er tema for prosjekt til fordjuping.
Hovudkjerna i ressursen er 10 korte fagfilmar med tilhøyrande oppgåver og fagtekstar. Alle oppgåver og fagtekstar kan lastast ned som PDF.
Mange av stillingane innan sjømatproduksjon er spesialiserte. Denne ressursen tek sikte på å bidra til at lærlingar, fagarbeidarar og praksiskandidatar får innføringskunnskap og oversikt over ei rekke sentrale tema innan faget.
Læremiddelressursen er støtta av Utdanningsdirektoratet.