På sporet

Denne filmen tar for seg følgjande:

  • sporing av fisk og fiskeråvarer
  • praksis for dokumentasjon
  • merkekrav
  • aktørar som ønskjer god sporing

Oppgåver

  • 1.

    Hva trur du ein forbrukar ønskjer å vite om fisken han kjøper?

  • 2.

    Hva ønskjer ein grossist eller restaurant å vite om fisken som kjøpast?

  • 3.

    Kva betydning har forskrifter og reglar om merking og sporing av fisk?

  • 4.

    Kva slags informasjon og dokumentasjon treng du for å kunne svare på spørsmål om fersk sjømat som vert seld i fiskedisken?

  • 5.

    Gi døme på kva ei etikett på fiskeprodukter kan fortelje om opphav og innhald.

  • 6.

    Korleis kan ein spore tilbake til smittekjelda dersom ein gjest blir sjuk etter å ha ete fisk på ein restaurant?

Omgrep

Sporbarheit: At det er mogleg å ettergå dei ulike ledda i verdi- og produksjonskjeda, både bakover til opphav og produsent og framover til forbrukar.

Internkontroll: Dei systematiske rutinene som bedrifta lovmessig er pålagd å gjennomføre for å sikre at maten som vert produsert er trygg å ete.

Kortreist mat: Mat som er produsert lokalt / i nærområdet.

Læreplan

Sjømatproduksjon Vg3/opplæring i bedrift

Råstoff og produksjon

  • Utføre ulike pakke- og emballeringsmetodar i samsvar med gjeldande regelverk og produktomtale.
  • Gjere greie for lagerstyringssystemet i bedrifta.

Hygiene og kvalitetsstyring

  • Utføre arbeidet i samsvar med gjeldande regelverk for kvalitetsstyring.
  • Gjere greie for oppgåver og verkeområde til tilsynsstyresmaktene.

Bransje, bedrift og miljø

  • Gjere greie for forbrukarkrav om produktmerking og matvaretryggleik og gjeldande regelverk om dette.
  • Bruke digitale verktøy i vidareforedling og omsetjing av råstoff.
  • Utføre profesjonell kundebehandling.
  • Gjere greie for innhaldet relevant nasjonalt og internasjonalt regelverk om dei rettane og pliktene forbrukarane har, under dette reglar om klagerett.

Sjømathandlarfaget Vg3/opplæring i bedrift

Råstoff og produksjon

  • Gjennomføre varemottak, produksjon, eksponering, emballering, merking og lagring av sjømat i tråd med gjeldande regelverk og kvalitetsstyringssystem.
  • Følgje gjeldande krav til sporing og merking.

Økonomi, sal og marknad

  • Gjere greie for forbrukarkrav til produktmerking og matvaretryggleik og gjeldande regelverk om dette.

Bransje, bedrift og miljø

  • Bruke digitale verktøy i sjømathandlarfaget.