Overflatebehandling
Alle konstruksjonar og produkt i metall som røyr, plattformer og bilar må overflatebehandlast. Dette er viktig for at overflata skal vere beskytta mot korrosjon og mekanisk slitasje, og for å få ei pen og varig overflate. Då vil produkta ha lang levetid, og dei vil ikkje så lett bli øydelagt. Sentrale metodar og teknikkar for overflatebehandling er sliping og kjemisk behandling som metallisering, maling og lakkering. Det er viktig å bruke riktig verneutstyr under overflatebehandling for å unngå å få i seg farlege kjemikaliar.