Tegningslesing
Det er viktig å kunne lese og følgje tekniske teikningar når vi skal produsere, reparere eller vedlikehalde produkt, konstruksjonar eller maskiner. Tekniske teikningar lagast etter standardar slik at dei kan lesast uavhengig av kva bedrift eller land ein jobbar i. Det blir i stor grad brukt symbol som erstattar tekst. Teikningane inneheld som regel informasjon om dimensjonar, toleransar og beskrivelsar av overflata. Teikningane kan vere todimensjonale eller tredimensjonale, dei kan bestå av ulike projeksjonar og angi skalering.