Brennevin

I denne filmen viser vi litt om brennevin med søkelys på bararbeid. Brennevin er alle drikkevarer med meir enn 22 volumprosent alkohol. Brennevin er delt inn i fem hovudgrupper etter kva dei er basert på: druebrennevin, fruktbrennevin, kornbrennevin, potetbrennevin og sukkerbrennevin. Ved bararbeid opplever ein gleda ved å skape noko, lage og servere drinkar til eigne gjester

Oppgåver

  • 1.

    Set opp ein oversikt over dei brennevinstypene du kjenner til, beskriv kva dei er laga av, farge, lukt, smak og i kva drinkar dei blir nytta.

  • 2.

    Når du skal lage ulike drinkar, treng du ein del forskjellig utstyr; sett opp ei liste over utstyr og råvarer du treng i ein bar.

  • 3.

    Lag ei oppskriftsbok over dei vanlegaste drinkane med ingredienser og framgangsmåte.

Omgrep

Destillering – varme opp ei væske slik at den går over til damp og avkjøle dampen slik at den går over til væske.

Druebrennevin – laga av destillert vin frå druer (kvithvin), dei mest kjende typane er konjakk og armagnac.

Fruktbrennevin – lages på destillat av ulik frukt, dei mest kjende typane er calvados, grappa, kirsch og enkelte likørar.

Kornbrennevin – lages på destillert bygg eller andre kornsortar, mest vanleg er whisky, vodka og gin.

Potetbrennevin – lages på destillat av potet, mest utbreidd i Norden som akevitt.

Sukkerbrennevin – lages av sukkerrør, sukkerroer eller melasse frå desse, mest vanleg er rom.

Shaking – ingrediensane blir blanda og rista i ein shaker før det blir sila over i glas.

Røring – ingrediensane blir rørte roleg i eit røreglas før det blir sila over i glas.

Læreplan

  • Gjøre rede for kvalitet og bruksområder for øl, vin og brennevin og de alkoholfrie alternativene, inkludert kaffe og te.
  • Tilberede og servere varme og kalde drikker.
  • Bruke barutstyr, kalkulere og lage drinker etter nasjonale og internasjonale resepter.
  • Skjenke drikkevarer og utøve ansvarlig skjenking i henhold til alkoholloven.
  • Selge, presentere og servere aperitiff og drinker.
  • Kvalitetssikre mat og drikke som serveres gjestene.