Tradisjonsmat

Tradisjonsmat er grunnlaget for vår kultur og mattradisjon. Mattradisjonar er i endring, men dei har oppstått ved bruk av tidlegare konserveringsmetodar. Mattradisjonane er forskjellige i dei ulike landsdelane og kan hentast fram og brukast på mange måtar inn i det moderne kjøkenet; det er berre fantasien som set grenser.

Oppgåver

  • 1.

    Kva mattradisjonar finst det i det fylket eller landsdelen du kjem frå?

  • 2.

    Korleis kan du bruke desse metodane og rettane i di verksemd?

  • 3.

    Lag ein meny med utgangspunkt i lokal tradisjonsmat. Tenk over korleis du vil presentere tradisjonsmaten i menyen (bilete, historie, framstilling osv.) for å vekke interesse hjå gjestene.

Omgrep

Konservering – “ta vare på”, er utgangspunktet for tradisjonsmat.

Konserveringsmetoder – lakesalting, tørrsalting, sylting, graving, røyking, speking osv.

Farse – ein emulsjon av kjøtt og væske, med binding ved bruk av salt og potetmel.

Læreplan

Lage retter med utgangspunkt i lokal, nasjonal og internasjonal tradisjon og kultur.