God service

Service er eit samansatt omgrep som omhandlar alt det vi som tilsette møter gjesten med. Fagkunnskap, imøtekomande haldning, evne til å lytte, klagebehandling, kommunikasjon og ikkje minst, å sjå gjestens behov. Vi snakkar ofte om sanningas augeblikk; det er summen av desse omgrepa i kontakt med gjesten.

Oppgåver

  • 1.

    Kva legg du i omgrepet «god service»?

  • 2.

    Kunden har alltid rett pleier ein ofte å seie. Er du einig eller uenig i utsagnet? Kvifor meiner du dette?

  • 3.

    Kundens oppleving av service handlar om personlig service, teknisk service, atmosfære, ekstern service og intern service. Gje eksempel på god service innanfor kvart av desse områda.

  • 4.

    Korleis handsamar de klagesituasjonar i di verksemd? Korleis sørgjer de for at alle gjester blir behandla likt?

Omgrep

ServiceProduksjon og sal av tenester. Kan delast inn i fleire kategoriar som personlig, teknisk, intern og ekstern. Service er eit abstrakt omgrep som blir opplevd ulikt frå gjest til gjest og også mellom tilsette. Det er difor viktig at du som jobbar i servicenæringa har ei brei forståing av kva du vektlegg og korleis du bruker omgrepet.

Læreplan

  • Yte profesjonell service, og gjeste- og brukerbehandling.
  • Gjøre rede for innholdet i relevant nasjonalt og internasjonalt regelverk om forbrukernes rettigheter og plikter, herunder regler om klageadgang.