9. Sommarferie
Klassen avsluttar «Ei veke utan sosiale medium» og diskuterer korleis det har gått. Samtalen dreier seg inn på dyrevern, noko som får Nils til å rase ut med ideane sine om å redde elva og forlate klasserommet i frustrasjon. Ute i skulegarden roar han seg ned og lastar til slutt ned sosiale medium på mobilen igjen. Då dukkar det opp masse meldingar frå Aaron! Bak han kjem alle elevane ut frå skulen, glade for at det endeleg er sommarferie. Eeva og Kaisa ser uroleg etter Nils, som spring i full fart bort frå skulen.
Episoden har kvensk, finsk og norsk teksting tilgjengeleg. Finsk og norsk kan de velja i videoavspelaren (cc). Film med kvensk teksting finst i lenkje under videoavspelaren.