Å beskrive mat

Filmen handlar om korleis vi beskriv mat gjennom smak, konsistens og presentasjon. Det blir gitt døme på korleis du kan teste smak og konsistens, korleis ein middag bør presenterast på tallerkenen, og korleis matvarer blir presenterte i butikken.

Oppgåver

  • 1.

    Alle som har eit yrke der dei lagar mat, er interesserte i råvarer av beste kvalitet. Skildre dei sansane du kan bruke for å vurdere kvaliteten på råvarene.

  • 2.

    Kva meinast med konsistens?

  • 3.

    Gi døme på korleis konsistens er viktig for å vurdere kvaliteten på ei råvare eller eit produkt.

  • 4.

    Kva vil du leggje vekt på når du presenterer ein middagsrett på ein tallerken?

  • 5.

    Smaken varierer frå person til person. Vaksne likar gjerne annan mat enn born. Folk frå ulike delar av verda likar forskjellige råvarer og matrettar. Kva trur du er med på å påverke smaken vår?

Praktiske oppgåver

  • 1.

    Gå på kjøkkenet og vel ein råvare som er pakka inn i emballasje. Skildre kva for opplysningar emballasjen gir om råvara.

  • 2.

    Bak skulebrød i ulike storleikar. Kva for nokre får du selt først? Kva betydning har utsjånaden?

  • 3.

  • 4.

    Bland råvarer som smakar surt, salt, søtt og bittert til du synest det er ein behageleg smak. Skriv ned namnet og mengda på råvarene du har brukt.

Omgrep

Smaksløk
Surt
Søtt
Salt
Bittert
Umami
Balanse
Farin
Konsistens
Presentasjon
Emballasje

Læreplan

Vg1 Restaurant- og matfag

Råstoff og produksjon

  • gjere greie for råvarer, mat og drikke som inngår i restaurant- og matfaga, næringsinnhald, eigenskapar og bruksområde

Bransje, fag og miljø

  • forstå og bruke relevante faguttrykk som blir nytta i restaurant- og matbransjane