Helse og kosthold

Filmen handlar om samanhengen mellom kosthold og helse. Det er spesielt fokus på næringsstoff, betydninga av eit balansert kosthold, risikofaktorar for sjukdommar og livsstilssjukdommar.

Oppgåver

  • 1.

    Forklar omgrepet næringsstoff.

  • 2.

    Kva næringsstoff blir kalla «de energigivande næringsstoffene»?

  • 3.

    Gje døme på matvarer som inneheld mykje protein, fett og karbohydrat.

  • 4.

    Kva meiner ein med eit balansert kosthold?

  • 5.

    Kva er livsstilssjukdommar?

  • 6.

    Gje tre døme på livsstilssjukdommar.

  • 7.

    Kva meiner ein med risikofaktorar når vi snakkar om helse og kosthold?

  • 8.

    Kva seier BMI-talet oss?

  • 9.

    Forklar kva type 2-diabetes er og kva det kan føre til.

Praktisk oppgåve

  • 1.

    Lag eit skjema og skriv opp alt du et i eit tidsrom de og læraren din blir einige om. Bruk matvaretabellen og finn ut kva næringsstoff du har inntatt og i kva mengde. Kva seier resultatet deg? Forklar korleis kostholdet ditt kan påverke deg.

Omgreper

  • Kosthold
  • Helse
  • Næringsstoffer
  • Karbohydrater
  • Proteiner
  • Fett
  • Balansert kosthold
  • Livsstilssykdommer
  • Mosjon
  • Risikofaktor
  • Overvekt
  • BMI

Læreplan

Vg1 Restaurant- og matfag

Råstoff og produksjon

  • gjere greie for råvarer, mat og drikke som inngår i restaurant- og matfaga, næringsinnhald, eigenskapar og bruksområde

Kosthald og livsstil

  • drøfte samanhengen mellom kosthald, helse og livsstil, og korleis desse faktorane kan påverke folkehelsa

Bransje, fag og miljø

  • forstå og bruke relevante faguttrykk som blir nytta i restaurant- og matbransjane