Personleg hygiene

Filmen handlar om personleg hygiene i forhold til arbeid på kjøkenet og i bedrifter som arbeider med matvareproduksjon. Det er med eksempel på smittekilder, riktig handvask, riktig bekledning og inndeling av rein og uren sone på arbeidsplassen.

Oppgåver

  • 1.

    Forklar kva ein meiner med trygg mat.

  • 2.

    Teikn opp den produksjonslinja du arbeider på og beskriv kva som er reine og urene soner.

  • 3.

    Kva bestemmelser regulerer den reine sonen? Kva krav blir stilt til din personlege hygiene?

  • 4.

    På kva måte er det størst fare for at du kan bringe smittestoffer inn i produksjonslokala?

  • 5.

    Kva er bakteriar? Gi døme på nokre bakteriar du ikkje bør finne på eit kjøken.

  • 6.

    Kva er mugg?

Praktiske oppgåver

  • 1.

    Kva er mikroorganismar? Pakk tre laksebitar på tre forskjellige måtar – ein vakuumpakka – ein i plastfilm – ein i papir. Oppbevar dei i same kjøleskap. Kva av dei utviklar synlege mikroorganismar først? Forklar kvifor.

  • 2.

    Ta avtrykk av til dømes kjøkkenreiskaper, arbeidsbenk, nøklar, myntar, reine og urene fingrar i kvar sin petriskål med agar. Skriv kva slags avtrykk som er tatt på kvar petriskål. Sett petriskålene i eit varmeskap i nokre døgn og sjå kva som skjer. Forklar kvifor nokre skåler har oppblomstring av mikroorganismar, medan andre ikkje har det.

Omgrep

  • Personlig hygiene
  • Mikroorganismer
  • Trygg mat
  • Smitte
  • Riktig håndvask
  • Desinfeksjon
  • Ren sone
  • Uren sone

Læreplan

Vg1 Mat- og restaurantfag

Råstoff og produksjon

  • Demonstrere rett behandling av råvarer, mat og drikke for å sikre så trygge produkt som mogleg.
  • Praktisere god produksjonshygiene, godt reinhald og personleg hygiene og gjere greie for kvifor dette er viktig for god produksjonsflyt.
  • Gjere greie for kva næringsmiddelhygienen har å seie for produksjon og omsetjing av trygg mat.
  • Utføre arbeidet i samsvar med kvalitetsstyringssystem som er etablerte på området.

Bransje, fag og miljø

  • Forstå og bruke relevante faguttrykk som blir nytta i restaurant- og matbransjane.