Sjukdom frå mat og drikke

Filmen handlar om kvifor vi kan bli sjuke av mat, korleis mat kan bli bedervet, og korleis vi kan unngå dette.

Oppgåver

  • 1.

    Forklar kva som skjer dersom mat står i romtemperatur over lengre tid.

  • 2.

    Forklar ordet smittekilde.

  • 3.

    Forklar kva som menes med vekstvilkåra for bakteriar.

  • 4.

    Forklar forskjellen på matinfeksjon og matforgiftning.

  • 5.

    Kva er mattilsynets oppgåve?

  • 6.

    Kva er kryssforureining?

  • 7.

    Nokre bruker utstyr med fargekoder. Kvifor?

  • 8.

    Korleis organiserast systemet med reint og ureint soner?

Praktisk oppgåve

  • 1.

    Ta to små fiskestykker og pakk dei i plast. Legg det eine på kjøkkenbenken og det andre i kjøleskapet. Sjekk begge fiskestykkene etter eit døgn. Bruk sansane og beskriv begge fiskestykkene.

Omgrep

  • Mikroorganisme
  • Smittekilde
  • Vekstvilkår
  • Næring
  • Lett bedervelig
  • Matforgiftning
  • Matinfeksjon
  • Kryssforurensing
  • Grovkjøkken

Læreplan

Vg1 Restaurant- og matfag

Råstoff og produksjon

  • Demonstrere rett behandling av råvarer, mat og drikke for å sikre så trygge produkt som mogleg.
  • Oppbevare og emballere mat i samsvar med gjeldande krav.
  • Gjere greie for kva næringsmiddelhygienen har å seie for produksjon og omsetjing av trygg mat.
  • Bruke, reingjere og utføre dagleg vedlikehald av lokale, reiskapar og maskiner som blir nytta i opplæringa.
  • Utføre arbeidet i samsvar med kvalitetsstyringssystem som er etablerte på området.

Kosthald og livsstil

  • Drøfte samanhengen mellom kosthald, helse og livsstil, og korleis desse faktorane kan påverke folkehelsa.

Bransje, fag og miljø

  • Forstå og bruke relevante faguttrykk som blir nytta i restaurant- og matbransjane.