Maskinar
Som TIP-elev må du kunne montere, stille inn, bruke, vedlikehalde og overvake ulike typar maskiner. På ein bilverkstad bruker vi ofte manuelle maskiner som for eksempel dekkskiftemaskin. I industrien har det etter kvart blitt meir og meir vanleg med CNC-maskiner som blir styrt elektronisk etter eit på førehand utvikla program. CNC-maskiner gjer ofte sponskiljande bearbeiding som dreiing, fresing og boring. I fabrikkar er maskinene ofte automatisk styrte. For å kunne overvåke produksjonsprosessen i slike maskiner er det viktig å kunne lese flytskjema og kjenne til reguleringsteknikkar.