Styringssystem
I industrien er meir og meir av produksjonsutstyret automatisert. Store, kompliserte prosessar blir overvaka og kontrollert av automatiske system. Vi bruker gjerne maskiner som er basert på pneumatiske og hydrauliske styringseiningar. Dette er maskiner som rører seg ved hjelp av kraft som blir skapt av trykk frå luft eller olje.