Driftsøkonomi
God økonomi er nøkkelen til å lykkast i denne bransjen. Det er gjestene som til slutt betaler for alle driftskostnader. Det er viktig å ha ei god oversikt over kvar det blir av pengane i verksemda og ha eit godt budsjett. Det er også viktig at dei tilsette er innforstått med korleis budsjett og økonomi påverkar resultatet i verksemda.