Fiskekraft
Fiskekraft er basen for gode sausar og supper med fisk. For å få ein god fiskekraft er det viktig å kjenne til prinsippa ved kraftkoking. Bruk bein og eventuelt hode utan gjeller. Ikkje bruk skinn og fettavskjæringar. Krafta må ikkje fosskoke, berre trekke. Kokar/trekker du den i over 30 minutt, får du limsmak på krafta. Grønnsaker, urter og krydder er med på å setje smak og kan varierast etter kva du skal bruke den til.