Driftsøkonomi

God økonomi er nøkkelen til å lykkast i denne bransjen. Det er gjestene som til slutt betaler for alle driftskostnader. Det er viktig å ha ei god oversikt over kvar det blir av pengane i verksemda og ha eit godt budsjett. Det er også viktig at dei tilsette er innforstått med korleis budsjett og økonomi påverkar resultatet i verksemda.

Oppgåver

  • 1.

    Korleis reknar di verksemd sine prisar? Set opp fleire forslag.

  • 2.

    Korleis er fordelingen av kjøkkenprosent, driftskostnader, lønn, og fortjeneste i di verksemd?

  • 3.

    Korleis arbeider du saman med di verksemd for å auke lønnsemd i verksemda?

  • 4.

    Korleis jobbar du og dei andre tilsette med å redusere svinn i verksemda?

  • 5.

    Dersom verksemda går dårleg, kva tenker du er best – auke omsetninga eller redusere kostnadene? Forklar tankegangen din.

Omgrep

Kjøkkenprosent – råvareprisen som går med til å dekke mat og drikke.

K-tall – kalkulasjonstall, påslagstall i prosent med utgangspunkt i kalkyler for verksemda.

Driftskostnader – kostnader ved å drifte, husleige, straum osv.

Svinn – tap av verdiar, råvarer av mat og drikke som er betalt for, men som ein ikkje får selt. Må reknast inn i sluttprisen.

Budsjett – verksemda si vegleiing for å ha oversikt over kostnadene.

Ressursar

NDLA, økonomi

Læreplan

  • Drøfte ulike faktorer som påvirker bedriftens økonomiske resultat.
  • Drøfte ulike metoder som kan gi mersalg og gjenkjøp, og gjøre rede for sammenhenger mellom anbefaling og salg.
  • Planlegge og tilberede måltider med vekt på utseende, lukt, smak, konsistens, ernæring og økonomi.
  • Bruke tilberedningsmetoder og oppbevaringsmåter som ivaretar råvarenes næringsinnhold og sikrer god ressursutnyttelse og økonomi.
  • Sette opp og kalkulere menyer til ulike sesonger, anledninger og grupper.