Fiskekraft

Fiskekraft er basen for gode sausar og supper med fisk. For å få ein god fiskekraft er det viktig å kjenne til prinsippa ved kraftkoking. Bruk bein og eventuelt hode utan gjeller. Ikkje bruk skinn og fettavskjæringar. Krafta må ikkje fosskoke, berre trekke. Kokar/trekker du den i over 30 minutt, får du limsmak på krafta. Grønnsaker, urter og krydder er med på å setje smak og kan varierast etter kva du skal bruke den til.

Oppgåver

  • 1.

    Kva må du passe på for å få ein god og klar fiskekraft?

  • 2.

    Korleis skil ein kraft laga på fisk seg frå ein saus laga på kjøttbein?

  • 3.

    Kva fiskesortar eignar seg best for kraftkoking, og kva eignar seg ikkje?

  • 4.

    Ein god kraft gir eit godt utgangspunkt for sausar og supper. Kva sausar og supper tenker du kan baserast på ein god fiskekraft?

Læreplan

Lage kraft, varme og kalde sauser og supper med utgangspunkt i grunnleggende tilberedningsmetoder.