Kaffe

Nordmenn drikk meir og meir kaffe. Vi har også blitt meir bevisste på trendar og utvikling innanfor kaffe. I denne filmen blir vi kjende med ein barista og høyre kva han legg i omgrepet kaffe. Hugs at ein god kopp kaffe gjerne er det siste gjesten opplever og hugsar frå sitt besøk.

Oppgåver

  • 1.

    Kvar kjem kaffe frå, og kva påverkar kaffens smak?

  • 2.

    Kva punkt er viktige å hugse på for å lage ein god kaffe?

  • 3.

    Å kunne lage ein god espresso er viktig fordi den ofte blir brukt for å lage ulike typar kaffedrikker. Korleis tilbereder du ein god espresso? Kva punkt er viktig å hugse på?

  • 4.

    Lag eit oppskriftshefte med dei ulike kaffedrikker du skal/bør kunne lage.

  • 5.

    På ein kafé sel dei mykje kaffe, men dei slit likevel med økonomien. For å spare kostnader meiner eigaren at ein må spare på kaffemengda. Finn ut om det er god økonomi å gå ned på doseringa av kaffe (resultat svakare kaffe). Kva andre forslag ville du kome med for å betre den økonomiske situasjonen i verksemda?

    Sjå denne lenka om du vil finne svaret: http://ndla.no/nb/node/56462?fag=37

  • 6.

    Det krevst 140 liter vatn for å framstille ei kopp kaffe. Kva er det ein har tenkt for å få dette utsagnet til å vere korrekt?

Omgrep

Espresso – 20-30 ml kaffi laga på ca. 25 sekunder under trykk, utgangspunkt for fleire kaffedrikkar.

Crema – skummet på toppen av ein espresso.

Americano – espresso tilsett varmt vatn.

Cappuccino – espresso med mjølk og mjølkeskum.

Cortado – espresso med mjølk.

Cafe crème – ein mildare espresso med meir vatn og crema.

Læreplan

  • Gjøre rede for kvalitet og bruksområder for øl, vin og brennevin og de alkoholfrie alternativene, inkludert kaffe og te.
  • Tilberede og servere varme og kalde drikker.