Mise en place

Mise en place er alt på rett plass til kvar tid. Forarbeid, førebuing – alt ein kan gjere klart før gjestene kjem. Mise en place er avhengig av kva slags stad, kva anledning, talet på gjester osv.

Oppgåver

  • 1.

    Kva er eigentleg hensikten med mise en place – og handlar det mest om din arbeidsdag, dine kollegaer eller om kundane?

  • 2.

    Lag ei mise en place-liste over kva du treng i di bedrift.

  • 3.

    Kva forskjellar er det på dei ulike anledningane der du jobbar, i høve til mise en place?

  • 4.

    Kva utstyr må du alltid ha klart før du startar på vakt som servitør?

Omgrep

Oppdekking – sette opp bord, legge på dukar og gjere alt klart for service.

Kuvert – det ein gjest treng oppdekt på bordet, 60 cm plass standard.

Briefing – gjennomgang av det som skal skje, slik at alle er samstemte.

Læreplan

  • Planlegge, gjennomføre, vurdere og dokumentere servering av mat og drikke.
  • Bruke mise en place til oppdekking ved servering og bararbeid.
  • Sette opp ulike bordoppsett og klargjøre lokaler.