Øl
I denne filmen får du sjå korleis øl blir brygga på eit lite bryggeri i Oslo. Øl har ei lang historie og har eit stort spenn i både farge, fylde og smak. Øl kan serverast til mange forskjellige matrettar, men utgangspunktet for alt øl er det same: vatn, malt, humle og gjær. Gjennom å sjå denne filmen og jobbe med oppgåvene kan du bli betre kjend med produksjonen og kva som skil dei ulike øltypane.