Vin

Vin er ein levande drikk som blir framstilt av gjæra druesaft og har ca. 14-15 volumprosent alkohol. Vi har raud, kvit og rosa vin i tillegg til musserande vin og hetvin. Vinens karakter avheng av druetype, druestokk, jordsmonn, klima, vinifikasjon, lagring og korleis den blir servert.

Oppgåver

  • 1.

    Forklar prosessen for produksjon av vin og korleis dei ulike metodane kan påverke den ferdige vinen.

  • 2.

    Lag ei oversikt over dei ulike vinene du har i di verksemd med druetypar, karakteristikk, serveringstemperatur, glasval og kva slags mat den passar til.

  • 3.

    Kva er det viktig å tenkje på når du skal setje opp og presentere ein vinmeny for ulike gjester?

  • 4.

    Lag deg ein plan for korleis du skal arbeide for å auke kunnskapen din om vin gjennom læretida. Kva må du kunne og korleis skal du lære deg det?

Omgrep

Vinifikasjon – korleis ein dyrkar druer og lagar vin.

Druetypar – det finst om lag 1000 forskjellige, men ca. 100 som hovudsakleg blir nytta til produksjon.

Jordsmonn – jorda der druestokken veks.

Musserande – vin som inneheld kullsyre som utviklar seg ved annengangs gjæring, på flaske (champagnemetode) eller på fat (cuvee-close metode).

Hetvin – vin som blir tilsett vinsprit; det skiljast mellom naturleg og aromatisert.

Læreplan

  • Gjøre rede for kvalitet og bruksområder for øl, vin og brennevin og de alkoholfrie alternativene, inkludert kaffe og te.
  • Sette opp vinmenyer.
  • Tilberede og servere varme og kalde drikker.
  • Skjenke drikkevarer og utøve ansvarlig skjenking i henhold til alkoholloven.
  • Presentere og forklare menyer og drikkevarekart.
  • Anbefale drikke og mat i kombinasjon.
  • Presentere menyer og vinmeny for gjestene og forklare fagterminologien som benyttes.