6. Kvenrosesmykke
Eeva jobbar i kunsthandverksbutikken med fiskeskinn og smykkelaging. Ho blir freista til å sjekke sosiale medium, men blir avbroten av faren til Nils, som kjøper kvenrose-øyrepynt. Han lurer på korleis det går med mormora til Eeva, og Eeva svarar trist at mormora ikkje hugsar henne lenger. Faren til Nils gir Eeva eit godt råd. Samtidig sit Aaron heime og spelar spel; han ventar utolmodig på svar frå Eeva og vennegjengen.
Episoden har kvensk, finsk og norsk teksting tilgjengeleg. Finsk og norsk kan de velja i videoavspelaren (cc). Film med kvensk teksting finst i lenkje under videoavspelaren.