Samanføying
Samanføying betyr å setje saman to materialar. Sentrale samanføyingsmetodar er sveising, liming, lodding, nagling eller å skru noko saman. Det finst mange forskjellige typar sveising som lysbuesveising, gassbuesveising og TIG-sveising. Når vi skal samanføye materialar, vel vi metode ut frå kva materialar som skal føyast saman og kva arbeidsoppgåver det ferdige produktet skal ha. I bilbransjen blir til dømes liming mykje brukt, medan i flybransjen blir delane skrudd saman.