Fargelegg med tall
I denne aktiviteten skal elevane leite etter ulike fargeklattar i klasserommet. Oppgåva er å finne ut kor mange det finst av kvar farge, og talet dei kjem fram til skal dei bruke til å fargeleggje ei teikning. Filmen viser korleis andre barn har gjennomført aktiviteten. Den kan gjerne visast til elevane i førekant for å gje ei forståing av aktiviteten og inspirere dei til å prøve sjølve. Materiellet som trengst for å gjennomføre aktiviteten, finn du under lærarfana.