Finn to like

I Finn to like spelar elevane «memory» med mengder og siffer før dei lagar sine eigne spel. Målet er å finne par som viser same mengde representert på ulike måtar. Filmen viser korleis andre barn har gjennomført aktiviteten. Den kan gjerne visast til elevane i forkant for å gje dei ei forståing av aktiviteten og inspirere dei til å prøve sjølv. Materiellet som trengst for å gjennomføre aktiviteten, finn du under lærarfanen.

Til læraren

Du kan velge mellom å sjå lærarfilmen eller lese den skriftlege lærarrettleiinga, avhengig av kva format som passar best for deg. Begge gir ei rask innføring i korleis aktiviteten blir gjennomført, kva elevane får øve på, og kva du treng for å komme i gang. Du får også konkrete framlegg til korleis aktiviteten kan tilpassast ulike elevgrupper.

Skriftleg lærarrettleiing: 

Materiell til aktiviteten: Materiell_PRINT_Finn_to_like

 

Bidragsytarar

Gro Tvedt Hollevik
Universitetslektor i spesialpedagogikk ved institutt for pedagogikk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Forskar på bruk av programmering for å fremje talforståing i spesialpedagogiske og generelle elevgrupper.

Anne Fekjan Solheim
Senior læringsrådgivar i KONGSBERG, med mastergrad innan pedagogisk IKT-bruk, med særleg fokus på programmering i skulen.

Marie Helen Løen
Adjunkt med tilleggsutdanning som arbeider som lærar i Horten kommune, og tidlegare som rettleiar ved Kongsberg Vitensenter.

Ellen Egenland Flø
Lektor i realfag og Ph.d.-kandidat innan programmeringsdidaktikk og tilpassa opplæring ved institutt for spesialpedagogikk ved UiO, forskar hovudsakleg på programmering innan realfaga.

Kristina Torine Litherland
Ph.d.-kandidat innan programmeringspedagogikk ved institutt for pedagogikk ved UiO, forskar på programmering i skulen.

Gro Åkerlund
Lærar med etterutdanning innan matematikk og spesialpedagogikk.

 

Anders Martin Helle, regissør og fotograf, Leidar.
Mari Finnestad, produsent, Leidar.
Hilde Holmesland, prosjektleiar, Leidar.
Marius Eilertsen, lydansvarleg, Leidar.
Anne Lippert, grafikar, Leidar.
Anders Martin Helle, redigerar, Leidar.
Tor Karlsen, redigerar, Leidar.
Anine Løvlid Vikestad, redigerar, Leidar.