Kven høyrer til kor?
I aktiviteten Kven høyrer til kor? skal elevane lære fleire ulike måtar å sortere på. Ved hjelp av kort med fantasifigurar får dei øve seg på mengder opp til 15 og plassere desse i både stigande og søkkande rekkjefølgje. Aktiviteten er ein gruppeaktivitet der elevane må samarbeide om tal og mengder. Filmen viser korleis andre barn har gjennomført aktiviteten. Han kan gjerne visast til elevane i forkant for å gje ei forståing av aktiviteten og inspirere dei til å prøve sjølve. Materiellet som trengst for å gjennomføre aktiviteten, finn du under lærarfana.