Skattejakt med Blue-Bot
I Skattejakt med Blue-Bot skal elevane på skattejakt med roboten! Før jakta kan starte, må dei gjere spelbrettet klart ved å trille terning og bruke koordinatar til å plassere ut skattar og farar. Deretter programmerer dei Blue-Bot til å finne skattane utan å støyte på farane. Gjennom aktiviteten får elevane utforske samanhengar mellom tal, plassering og avstand, samtidig som dei øver på å telje, planleggje og finne ulike vegar fram til eit mål. Filmen viser korleis andre barn har gjennomført aktiviteten. Den kan gjerne visast til elevane i førekant for å gje dei eit innblikk i korleis aktiviteten fungerer og inspirere dei til å prøve sjølv. For å gjennomføre aktiviteten treng de Blue-Bot-robotar. Anna materiell finn du under lærarfana.