Hinderløype med piler
Hinderløype med piler er ein aktivitet der elevane skal bruke plakatar med piler til å programmere kvarandre gjennom ei hinderløype som dei lagar sjølve. Målet med aktiviteten er at elevane skal bli fortrulege med korleis enkle kommandoar har samanheng med rom og retning. Filmen viser korleis andre barn har gjennomført aktiviteten. Den kan gjerne visast til elevane i forkant for å gje ei forståing av aktiviteten og inspirere dei til å prøve sjølve. Materiellet som trengst for å gjennomføre aktiviteten, finn du under lærarfana.