Mer, mindre og lik

I Mer, mindre og lik trekkjer elevane oppgåvekort og løyser oppgåver for å finne ut kvar Blue-Bot skal røre seg på ei spelmatte. Undervegs får dei utforske og samanlikne tal og mengder, og øve på omgrepa større, mindre og lik. Aktiviteten utfordrar også elevane til å resonnere og planleggje korleis Blue-Bot skal programmerast for å kome fram til rett rute. Filmen viser korleis andre barn har gjennomført aktiviteten. Den kan gjerne visast til elevane i forkant for å gje dei eit innblikk i korleis aktiviteten fungerer og inspirere dei til å prøve sjølv. For å gjennomføre aktiviteten treng de Blue-Bot-robotar. Anna materiell finn du under lærarfana.

Til læraren

Du kan velge mellom å sjå lærarfilmen eller lese den skriftlege lærarrettleiinga, avhengig av kva format som passar best for deg. Begge gir ei rask innføring i korleis aktiviteten blir gjennomført, kva elevane får øve på, og kva du treng for å kome i gang. Du får òg konkrete framlegg til korleis aktiviteten kan tilpassast ulike elevgrupper. Til denne aktiviteten tilrår vi å få spelematta trykt hos eit trykkeri, slik at ho blir meir slitesterk og kan brukast fleire gonger. Du finn derfor ei eiga trykkfil under materiell (og nødvendig trykkinformasjon i den skriftlege lærarrettleiinga). Dersom du ønskjer å lage spelematta sjølv, finn du materiell til utskrift som kan skrivast ut og settast saman.

Skriftleg lærarrettleiing: 

Materiell til aktiviteten:

PRINT_materiell_Mer_mindre_og_lik

TRYKKERI_spillmatte

 

Bidragsytarar

Gro Tvedt Hollevik
Universitetslektor i spesialpedagogikk ved institutt for pedagogikk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Forskar på bruk av programmering for å fremje talforståing i spesialpedagogiske og generelle elevgrupper.

Anne Fekjan Solheim
Senior læringsrådgivar i KONGSBERG, med mastergrad innan pedagogisk IKT-bruk, med særleg fokus på programmering i skulen.

Marie Helen Løen
Adjunkt med tilleggsutdanning som arbeider som lærar i Horten kommune, og tidlegare som rettleiar ved Kongsberg Vitensenter.

Ellen Egenland Flø
Lektor i realfag og Ph.d.-kandidat innan programmeringsdidaktikk og tilpassa opplæring ved institutt for spesialpedagogikk ved UiO, forskar hovudsakleg på programmering innan realfaga.

Kristina Torine Litherland
Ph.d.-kandidat innan programmeringspedagogikk ved institutt for pedagogikk ved UiO, forskar på programmering i skulen.

Gro Åkerlund
Lærar med etterutdanning innan matematikk og spesialpedagogikk.

 

Anders Martin Helle, regissør og fotograf, Leidar.
Mari Finnestad, produsent, Leidar.
Hilde Holmesland, prosjektleiar, Leidar.
Marius Eilertsen, lydansvarleg, Leidar.
Anne Lippert, grafikar, Leidar.
Anders Martin Helle, redigerar, Leidar.
Tor Karlsen, redigerar, Leidar.
Anine Løvlid Vikestad, redigerar, Leidar.