Skattejakt med Blue-Bot

I Skattejakt med Blue-Bot skal elevane på skattejakt med roboten! Før jakta kan starte, må dei gjere spelbrettet klart ved å trille terning og bruke koordinatar til å plassere ut skattar og farar. Deretter programmerer dei Blue-Bot til å finne skattane utan å støyte på farane. Gjennom aktiviteten får elevane utforske samanhengar mellom tal, plassering og avstand, samtidig som dei øver på å telje, planleggje og finne ulike vegar fram til eit mål. Filmen viser korleis andre barn har gjennomført aktiviteten. Den kan gjerne visast til elevane i førekant for å gje dei eit innblikk i korleis aktiviteten fungerer og inspirere dei til å prøve sjølv. For å gjennomføre aktiviteten treng de Blue-Bot-robotar. Anna materiell finn du under lærarfana.

Til læraren

Du kan velje mellom å sjå lærarfilmen eller lese den skriftlege lærarrettleiinga, avhengig av kva format som passar best for deg. Begge gir ei rask innføring i korleis aktiviteten blir gjennomført, kva elevane får øve på, og kva du treng for å kome i gang. Du får og konkrete framlegg til korleis aktiviteten kan tilpassast ulike elevgrupper. Til denne aktiviteten tilrår vi å få spelematta trykt hos eit trykkeri, slik at ho blir meir slitesterk og kan brukast fleire gonger. Du finn derfor ei eiga trykkfil under materiell (og nødvendig trykkinformasjon i skriftleg lærarrettleiing). Dersom du ønskjer å lage spelematta sjølv, finn du materiell til utskrift som kan skrivast ut og settast saman.

Skriftleg lærarrettleiing: 

Materiell til aktiviteten per gruppe:

PRINT_materiell_Skattejakt_med_Blue_Bot

TRYKKERI_Skattekart

 

Bidragsytarar

Gro Tvedt Hollevik
Universitetslektor i spesialpedagogikk ved institutt for pedagogikk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Forskar på bruk av programmering for å fremje talforståing i spesialpedagogiske og generelle elevgrupper.

Anne Fekjan Solheim
Senior læringsrådgivar i KONGSBERG, med mastergrad innan pedagogisk IKT-bruk, med særleg fokus på programmering i skulen.

Marie Helen Løen
Adjunkt med tilleggsutdanning som arbeider som lærar i Horten kommune, og tidlegare som rettleiar ved Kongsberg Vitensenter.

Ellen Egenland Flø
Lektor i realfag og Ph.d.-kandidat innan programmeringsdidaktikk og tilpassa opplæring ved institutt for spesialpedagogikk ved UiO, forskar hovudsakleg på programmering innan realfaga.

Kristina Torine Litherland
Ph.d.-kandidat innan programmeringspedagogikk ved institutt for pedagogikk ved UiO, forskar på programmering i skulen.

Gro Åkerlund
Lærar med etterutdanning innan matematikk og spesialpedagogikk.

 

Anders Martin Helle, regissør og fotograf, Leidar.
Mari Finnestad, produsent, Leidar.
Hilde Holmesland, prosjektleiar, Leidar.
Marius Eilertsen, lydansvarleg, Leidar.
Anne Lippert, grafikar, Leidar.
Anders Martin Helle, redigerar, Leidar.
Tor Karlsen, redigerar, Leidar.
Anine Løvlid Vikestad, redigerar, Leidar.