Stigespel med Blue-Bot
Stigespel med Blue-Bot er ein aktivitet der elevane skal spele det klassiske stigespelet, men denne gongen med Blue-Bot som spelbrikke. Aktiviteten inneheld eit vanleg stigespel og eit stigespel med ulike oppgåver som elevane skal gjennomføre undervegs. Filmen viser korleis andre barn har gjennomført aktiviteten. Den kan gjerne visast til elevane i forkant for å gje dei ei forståing av aktiviteten og inspirere dei til å prøve sjølv. Materiellet som trengst for å gjennomføre aktiviteten, finn du under lærarfana.