Dans med piler
Dans med piler er ein aktivitet der du bruker skilt med ulike piler for å «programmere» elevane til å røre seg i rom og retning i takt med musikk. Aktiviteten gir elevane innsikt i samanhengen mellom kommandoar og korleis dei blir utførte gjennom rørsler i rom og retning. Filmen viser korleis andre barn har gjennomført aktiviteten. Den kan gjerne visast til elevane i forkant for å gi ei forståing av aktiviteten og inspirere dei til å prøve sjølv. Materiellet som trengst for å gjennomføre aktiviteten, finn du under lærarfana.