Tallinje med Blue-Bot
Tallinje med Blue-Bot er ein aktivitet der elevane skal lage ei tallinje som dei skal bruke til å spele eit spel med Blue-Bot. På tallinja plasserer dei talbrikker i stigande og søkkande rekkjefølgje. Talbrikkene har ulike oppgåver på baksida. Gjennom spelet får elevane utforske samanhengar mellom måling, talsymbol, teljing og tallinjer. Filmen viser korleis andre barn har gjennomført aktiviteten. Den kan gjerne visast til elevane i forkant for å gje dei ei forståing av aktiviteten og inspirere dei til å prøve sjølv. Materiellet som trengst for å gjennomføre aktiviteten, finn du under lærarfana.