Sjømat

Kva er god førstebehandling av fisk? Kvifor er ubroten kjølekjede så viktig i sjømatproduksjon? Korleis kan fisk konserverast og emballerast? Sjømat er ei stor og sentral eksportnæring i Noreg. Gjennom denne ressursen får du eit innblikk i sentrale emne innan sjømatproduksjon.

Sjømat er ein filmbasert læremiddelressurs for Vg3 sjømatproduksjon. Målgruppa er først og fremst lærlingar og fagarbeidarar innan sjømatnæringa. I tillegg er også restaurant- og matfag i vidaregåande opplæring ei relevant målgruppe. Dette materiellet kan mellom anna vere ei god støtte når sjømat er tema for prosjekt til fordjuping.

Hovudkjerna i ressursen er 10 korte fagfilmar med tilhøyrande oppgåver og fagtekstar. Alle oppgåver og fagtekstar kan lastast ned som PDF.

Mange av stillingane innan sjømatproduksjon er spesialiserte. Denne ressursen tek sikte på å bidra til at lærlingar, fagarbeidarar og praksiskandidatar får innføringskunnskap og oversikt over ei rekke sentrale tema innan faget.

Læremiddelressursen er støtta av Utdanningsdirektoratet.

Ressurser

For kvar film er det føreslege konkrete internettressursar. Her er nokre overordna ressursar:

Bidragsytere

Denne ressursen blei laga i 2013–14 og hadde ikkje vore mogleg utan fagleg støtte frå ei rekke samarbeidspartnarar. Ei fag- og referansegruppe har følgd prosjektet gjennom produksjonen. Ei stor takk til:

  • Bjørg Samuelsen og Norsk Sjømatsenter
  • Marit Bærøe og Fiskeri- og havbruknæringens landsforening
  • Odd Lennart Blindheim og Fiskerifaglig opplæringskontor i Møre og Romsdal
  • Stig Hammersland og Sandsli videregående skole
  • Hæge Nore, Høgskolen i Oslo og Akershus

Takk også for godt samarbeid med og hjelp frå Brødrene Sperre AS, Epax Norway AS, Fish Me, Hallvard Lerøy AS, Hansens Røkeri AS, Ingmar Bakken, Lerøy Alfheim AS, Lofotprodukt AS, Marine Harvest, Marine Sales, Mattilsynet, Møreforsking, Nippon Art, Nofima, Nordhordland Fisk, Nordlaks Produkter AS, Strømme Throndsen Design, Vartdal plastindustri AS.