Fisken som gjorde Noreg kjent i verda

Denne filmen tek for seg:

  • Produksjon av tørrfisk og klippfisk.
  • Historia bak produkta.
  • Marknadene for tørrfisk og klippfisk.
  • Merkevara Tørrfisk frå Lofoten.

Oppgaver

  1. Kva var det som gjorde tørrfisk og klippfisk til viktige produkt for Noreg?
  2. Kva gjer klippfisk og tørrfisk til attraktive eksportprodukt i dag?
  3. Beskriv kva skjer med fisken når han vert tørka og salta.
  4. Kor lang tid tek det å produsere tørrfisk og klippfisk?
  5. Du har ein heil klippfisk og ein heil tørrfisk. Gi råd til kunden om korleis fisken kan behandlast og tilberedast.

Læreplan

Sjømatproduksjon Vg3/opplæring i bedrift

Råstoff og produksjon

  • Utføre ulike konserveringsmetodar.
  • Planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere mottak, vidareforedling og omsetjing av sjømat.
  • Velje råstoff og produksjonsmetode i samsvar med produktomtale og gjere greie for endringar som skjer under lagring.
  • Gjere greie for korrekt bløgging og kjenne til flekking for salting.
  • Montere, bruke og demontere produksjonsutstyr.
  • Vedlikehalde utstyr.
  • Meistre produksjonsprosessar i bedrifta.
  • Lage ulike produkt og lokale spesialitetar.

Hygiene og kvalitetsstyring

  • Praktisere personleg hygiene, og produksjons- og næringsmiddelhygiene etter gjeldande regelverk
  • Utføre arbeidet i samsvar med gjeldande regelverk for kvalitetsstyring
  • Forklare og følgje prinsippa for merking og sporing

Bransje, bedrift og miljø

  • Følgje rutinar for helse, miljø og tryggleik og bruke verneutstyr
  • Utføre ressurs- og miljøvennleg handtering av biologisk avfall i tråd med gjeldande regelverk
  • Gjere greie for rutinar ved utslepp av biologisk materiale og konsekvensane for miljøet.

Sjømathandlarfaget Vg3/opplæring i bedrift

Råstoff og produksjon

  • Planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere produksjon og sal av sjømat.
  • Gjere greie for samanhengar mellom kvalitet og ulike fiske- og fangstmetodar.
  • Tilverke sjømat til ferdigretter og koke-, steikje-, grille-, bake- og eteklare retter.

Hygiene og kvalitetsstyring

  • gjennomføre varemottak, produksjon, eksponering, emballering, merking og lagring av sjømat i tråd med gjeldande regelverk og kvalitetsstyringssystem

Økonomi, sal og marknad

  • Gjere greie for innhaldet i relevante nasjonale og internasjonale regelverk om kva rettar og plikter forbrukarane har, under dette reglar om klagerett.
  • Gjere greie for forbrukarkrav til produktmerking og matvaretryggleik og gjeldande regelverk om dette.
  • Gjere greie for fangstmetode og historikk for dei ulike råvarene.

Bransje, bedrift og miljø

  • Drøfte utviklinga og organiseringa av bedrifta og kva rammevilkår og faktorar som kan påverke dei økonomiske resultata.