![](https://kunnskapsfilm.no/wp-content/uploads/2021/02/matfag_logo.jpg)
Matfag
Matfag er ein filmbasert læremiddelressurs for Vg2 matfag. Ressursen gir eit innblikk i sentrale tema som hygiene, kvalitetskontroll, sporing og merking, haldbarheit og maskinar og utstyr gjennom korte filmar og tilhøyrande oppgåver.
I alt inneheld ressursen ti filmar. Til kvar film følgjer det også ein utfyllande fagtekst. Alle oppgåver og fagtekstar kan lastast ned som PDF frå filmsida – både i bokmåls- og nynorskversjon.
Fire filmar følgjer vi matvarene frå råvare til ferdig produkt. Dette gjeld råvarene fisk, kjøt, mjøl og mjølk. Gjennom desse filmane får du også eit innblikk i ulike stillingar og arbeidsoppgåver innafor dei tilknytta matfagyrka.
Læremiddelressursen er støtta av Utdanningsdirektoratet.