Jakta på kvalitet
Denne filmen tek for seg dette:
- Kvalitetsvurdering av fisk.
- Korrekt behandling for å bevare kvaliteten.
- Korleis fiskekjøtet endrar seg over tid.
- Lovverk og forskrifter som sikrar kvalitet.
Denne filmen tek for seg dette:
Dødsstiv (rigor mortis): Ein stivleik som kjem gradvis dei første timane etter døden. Blodsirkulasjonen stansar, nedbrytingsprosessane begynner, mjølkesyre blir danna, og musklane blir stivare og stivare.
Fiskevelferd: God fiskevelferd er ein viktig føresetnad for god fiskehelse, lågt døyingstal, god kvalitet, godt omdømme og god lønsemd. Fiskevelferd er særleg knytt til oppdrettsverksemd og blir regulert gjennom ei rad forskrifter.
Stressa fisk: Transport, trenging og pumping av fisk kan føre til stress. Stress hos fisk fører mellom anna til høgare nivå av kortisol, glukose og mjølkesyre. Laks som blir stressa før slakting, får kortare haldbarheit fordi fiskekjøtet har auka bakterievekst og raskare utvikling av uønskt smak og lukt. Dei negative konsekvensane av stress er større for rå enn for kokt laks ifølgje forskarar frå Nofima.