Pakk meg inn!

Denne filmen tek for seg dette:

  • Emballasje for fisk.
  • Verdien av emballasje.
  • Emballasjetypar.
  • Utvikling av nye generasjonar av emballasje.
  • Verdien av design.

Oppgaver

  1. Kva for pakke- og emballeringsteknikkar kjenner du til frå bedrifta du arbeider i?
  2. Korleis kan godt design få forbrukarar til å kjøpe meir fisk og fiskeprodukt?
  3. Kva for nyvinningar innan emballasje ville du ønskja deg der du arbeider?
  4. Beskriv korleis lagerstyringssystemet fungerer i bedrifta der du arbeider.

Begreper

MAP-pakking: Forkorting for modifisert atmosfærepakking. Lufta i ei pakning blir erstatta med ei gassblanding som eignar seg for produktet som skal pakkast. Det er vanleg å nytte 20–30 % CO2 og 70–80 % N2.

EPS-kasse: Fiskekasse av ekspandert polystyren (isopor). EPS er ein lettemballasje som består av ca. 98 % luft og 2 % polystyren. Låg vekt, låg pris og god isolasjonsevne gjer dette til den mest brukte fiskeemballasjen. Kvart år går mellom 8 000 til 9 000 tonn EPS-emballasje ut på den norske marknaden. Rundt halvparten av dette er fiskekassar til fiskeindustrien.

Skinpack: Emballasjemetode der matvaren (gjerne ferskt kjøt eller fersk fiskefilet) er lagt på ei stiv plate av papp og omslutta av plastfilm. Vakuum blir gjerne brukt for å bidra til at det er heilt tett.

Emitter: Også kalt pute eller bleie. Emitteren ligg på undersida av kjøtet eller den ferske fiskefileten i skålpakka og inneheld vanlegvis CO. Med COemitter i pakninga vert CO2utvikla etter forsegling av emballasjen. Då trenger ein mindre gass i pakninga, og storleiken på emballasje kan reduserast med inntil 50 prosent.

Vakuumpakking: Ein emballasjemetode der næringsmiddel vert pakka under lågt trykk i ei lufttett emballasje. Vakuumpakking verkar konserverande fordi lufta vert sugd ut av pakninga før ho vert forsegla. Undertrykket fører til at emballasjen slutter tett rundt produktet. Så lenge emballasjen er tett aukar haldbarheita på produkt som er utsett for nedbryting av oksygenkrevjande mikroorganismar.

Læreplan

Sjømatproduksjon Vg3/opplæring i bedrift

Råstoff og produksjon

  • Utføre ulike pakke- og emballeringsmetodar i samsvar med gjeldande regelverk og produktomtale.
  • Utføre arbeidet utan å bryte kjølekjeda.
  • Gjere greie for lagerstyringssystemet i bedrifta.

Bransje, bedrift og miljø

  • Gjere greie for forbrukarkrav om produktmerking og matvaretryggleik og gjeldande regelverk om dette.
  • Bruke digitale verktøy i vidareforedling og omsetjing av råstoff.

Sjømathandlarfaget Vg3/opplæring i bedrift

Råstoff og produksjon

  • Gjennomføre varemottak, produksjon, eksponering, emballering, merking og lagring av sjømat i tråd med gjeldande regelverk og kvalitetsstyringssystem.
  • Følgje gjeldande krav til sporing og merking.

Økonomi, sal og marknad

  • Gjere greie for forbrukarkrav til produktmerking og matvaretryggleik og gjeldande regelverk om dette.

Bransje, bedrift og miljø

  •  Bruke digitale verktøy i sjømathandlarfaget.